Bryllaups- og familiefotograf
på Stord og Vestlandet

Brudepar går hand i hand langs stranda under bryllaupsfotografering på Hellestøstranda.

Naturlege og dokumentariske bilete med eit elegant, gjennomtenkt uttrykk

Portrett i svart-kvitt av Hanne Barane

Hei, eg er Hanne

Eg fotograferer bryllaup og familiar på Stord og elles på Vestlandet. Stilen min er naturleg og dokumentarisk, men alltid gjennomtenkt. Eit blikk for lys, detaljar, komposisjon og dei små augeblikka som gjer bileta personlege. Resultatet er levande, tidlause og elegante bilete med eit subtilt editorial preg.

 

Eg likar best når ting får skje litt av seg sjølv. Når folk ler litt lenger enn planlagt, ungane spring sin eigen veg, og de gløymer at eg står med eit kamera. Eg gir dykk retning når det trengst, men lar også mykje få skje naturleg.

Fotograferingar

Tre ulike historier. Same naturlege og gjennomtenkte uttrykk.

Brud spring over bakken med vakker bukett utanfor villaen ved Hotell Terminus i Bergen

Bryllaup

Naturleg og dokumentarisk bryllaupsfotografering med eit elegant og gjennomtenkt uttrykk.

Mor held baby tett inntil seg sånn at leppene til dne nyfødde babyen blir heilt skvist

NYFØDT

Rolige og nære bilete frå den første tida saman.

Storesøster trøystar veslebroren sin med eit kyss

FAMILIE

Avslappa familiefotografering med leik, rørsle og ekte augeblikk.

Sjå arbeidet mitt

Eit lite utval frå bryllaup, familiefotograferingar og nyfødtfotograferingar.

NATURLEG, MEN GJENNOMTENKT

 

Eg ønskjer at bileta mine skal kjennast naturlege, men aldri tilfeldige. Eg likar det mjuke og lyse, ekte fargar og fine detaljar, med akkurat nok etterbehandling til at bileta får det lille ekstra.

 

Sånn er det å bli fotografert av meg

INGEN KLEIN POSERING

Du treng ikkje vite kva du skal gjere med hendene. Eg gir dykk små instruksjonar og forslag undervegs, utan at det kjennest oppstilt eller kunstig.

ROM FOR Å VERE DYKK

Det er lov å le, tulle, ta ein pause eller berre vere saman. Me treng ikkje presse fram augeblikka. Mykje av det finaste skjer når de gløymer kameraet litt.

Bilete med liv i

Eg vil fange meir enn at alle ser inn i kameraet samtidig. Dei små blikka, hendene som held kvarandre, latteren, rørsla og augeblikka mellom alt det andre.

Hei, eg er hanne

Eg likar best når ting får skje litt av seg sjølv. Når ungane gløymer kameraet, når brudeparet ler litt lenger enn planlagt, og når eit heilt vanleg augeblikk plutseleg blir eit bilete du aldri vil miste.

Eg vil vere fotografen som gir dykk nok retning til at de føler dykk trygge, men nok rom til at de får vere dykk sjølve.

ORD FRÅ NOKRE AV DEI EG HAR FOTOGRAFERT

"Fotografen me har valt igjen og igjen. Hanne skapar magi med kamera, og eg er så takksam for alle dei små og store augneblink ho har fanga av familien vår!

- Ingunn og Øystein

"For ein dyktig fotograf! Verken mannen eller eg er særleg komfortabel framfor kamera, men Hanne skapte ein fin opplevelse for oss alle på barna sine premisser. Anbefaler ho på det sterkeste"

- Malin

"Vi er så fornøyd med Hanne som fotograf! Fikk tatt bilde av de viktige detaljene og gode øyeblikkene som vi skal se tilbake på i år etter år. Hun skal vi uten tvil bruke igjen"

- Sandra

"Me er utruleg nøgd med bileta som Hanne har tatt av vår nyfødte son! Dei viser nære og ekta augonblink frå nyfødtbobla!"

- Sesilie og Toni