HELT FANTASTISK! Jeg har ikke ord. Tusen tusen takk for at du foreviget dagen vår på en så perfekt måte. Vi kunne ikke sett for oss noe bedre. Og det skal jeg virkelig rope høyt om!
- Anette & Kevin
Hanne er så dyktig og behageleg! Ho fangar naturlege og nydelege augneblink. Kjem til å nytte Hanne som fotograf fleire gonger!
- Madel og John
Me kunne ikkje vært meir nøgd med resultatet og opplevelsen! Bildene er så naturlege og viser både følelser og øyeblikk. Hanne er utruleg behagelig og flink!
- Susanne og Shpetim
FOR PAR SOM BRYR SEG OM STEMNINGA LIKE MYKJE SOM BILETA
De treng ikkje vere vane med kamera eller vite kva de skal gjere. Eg guidar dykk undervegs utan at det kjennest stivt eller oppstilt. Målet er ikkje perfekte poseringar, men bilete som faktisk kjennest som dykk.
Mange seier dei gløymer at eg er der etter ei stund, og det tek eg som eit kompliment.
Då får de vere meir i dagen, medan eg dokumenterer både dei små augneblikka undervegs og portretta me skaper saman.








DETTE PASSAR GODT FOR DYKK SOM
vil ha ein fotograf som kjennest meir som ein del av dagen enn eit stressmoment
Eg er med, guidar når det trengs og passar på at fotograferinga flyt fint inn i resten av dagen.
bryr dykk om både stemning og estetikk
Bileta skal ikkje berre vere fine no, men kjennast like gode om mange år.
LIKAR BILETE MED LITT LIV I
Dei beste bildene kjem ofte i rørsle, midt i kaoset og når kamera blir gløymt litt.
har sans for det enkle, klassiske og fine detaljar
God stemning, fine teksturar, lys som treff rett og ting som ikkje prøver for hardt.
Det beste skjer ofte innimellom
Når dagen får litt rom rundt seg, skjer det ofte meir.
Mindre stress. Meir nærvær. Fleire augeblikk som faktisk kjennest ut som dykk.
Det gir plass til både dei store hendingane og alt det fine innimellom.
Difor har eg sett saman pakkar med ulik dekning – frå delar av dagen til heile forteljinga.
Så kan de velje det som passar dagen dykkar best.
bryllaupspakke 1
Heile historia
12 timar + fysisk album
For dykk som ikkje vil måtte velje vekk delar av dagen.
Frå dei første morgontimane til festen er godt i gang blir dagen dokumentert sånn han faktisk kjennest; dei store augneblikka, stemninga, menneska og alt det fine innimellom.
Når det er god tid, skjer det ofte meir. Meir ro. Meir nærvær. Fleire bilete de kjem til å setje pris på lenge etterpå.
Denne pakka er for dykk som vil ha med heile forteljinga.
Pakken inkluderar:
- Planleggingsmøtefør dagen
- Kjærastefoto på Bømlo/Stord i forkant (valfritt)
- 12 timar dokumentarisk fotografering
- Sneak peeks kort tid etter bryllaupet
- Eit gjennomarbeidd galleri i høg oppløysing
- Coffee table-album (25x32 cm)
69 000 kr
bryllaupspakke 2
Mest populær
10 timar
For dykk som vil ha med mykje av dagen, utan å måtte tenke så mykje på klokka.
Frå førebuingar til festen er godt i gang får de bilete med både stemning, menneska, detaljane og alt det fine som skjer innimellom.
God tid gir ofte lågare skuldre, meir liv i bileta og meir rom til å faktisk vere i dagen.
Dette er pakken dei fleste landar på.
Pakken inkluderar:
- Planleggingsmøte før bryllaupet
- Valfri kjærastfotografering på Stord/Bømlo før bryllaupet
- 10 timar dokumentarisk fotografering
- Støtte og rettleiing undervegs
- Nokre utvalde bilete levert kort tid etter bryllaupet
- Eit gjennomarbeidd galleri i høg oppløysing levert i privat nettgalleri
- 3000 kr albumcredit til album eller print
49 000 kr
bryllaupspakke 3
Dei viktigaste timane
5 timar
For mindre bryllaup, intime feiringar eller dykk som ønskjer å fokusere på dei viktigaste delane av dagen.
Denne pakka passar fint for vigsle, portrett og dei første timane av feiringa med fokus på stemninga, menneska og dei små augneblikka innimellom.
Kortare dekning, same dokumentariske tilnærming.
Pakken inkluderar:
- Planleggingsmøte før bryllaupet
- 5 timar fotografering
- Nokre utvalde bilete kort tid etter bryllaupet
- Eit gjennomarbeidd galleri i høg oppløysing levert i privat nettgalleri
35 000 kr
Pakkane kan tilpassast dagen dykkar
Ingen bryllaupsdagar er heilt like, så pakkane kan sjølvsagt tilpassast undervegs.
Bookingprosessen
Send ei melding
Fortel litt om dykk og planane dykkar, så svarar eg innan ein dag eller to.
Bli betre kjende
Me tek ein uforpliktande prat og finn ut om me er ein god match, og kva pakke som passar dagen dykkar.
Sikre datoen dykkar
Når de er klare, får de kontrakt og faktura tilsendt, og datoen er reservert når bookinghonoraret er betalt.
Me planlegg vidare
Fram mot bryllaupet held me kontakt, og eg hjelper dykk med å førebu dei delane som betyr noko for bileta.







Vanlege spørsmål
Me er ikkje komfortable framfor kamera — går det fint?
Ja! Dei fleste seier det same. De treng ikkje vite kva de skal gjere. Eg guidar undervegs og legg opp til at fotograferinga skal kjennast avslappa og naturleg.
Korleis blir bileta levert?
Bileta blir levert i eit privat nettgalleri der de kan sjå, laste ned og dele bileta med familie og venner.
Når får me bryllaupsbileta?
De får nokre utvalde bilete kort tid etter bryllaupet, og det komplette galleriet blir levert innan 10–12 veker.
Fotograferer du andre stadar enn Vestlandet?
Ja, gjerne. Eg fotograferer mest på Vestlandet, men reiser også for bryllaup andre stader.
Hanne er bare en helt fantastisk god fotograf! Hun er utrolig rolig og behagelig å være rundt og fikk oss til å føle oss veldig komfortabel foran kamera. Vi kommer definitivt til å bruke Hanne igjen!
- Miriam og Marius
Vi har brukt Hanne som fotograf tre ganger: til bryllup, familiefotografering som en familie på tre, og familiefotografering som en familie på fire. Hanne er en behagelig fotograf som får både store og små til å slappe av foran kamera.
- Michelle og Torkel
Skal me snakke bryllaup?
Om de trur dette kan vere ein god match, vil eg gjerne høyre frå dykk.
Fortel litt om dagen, planane og kva de ser føre dykk.
Store festar, intime middagar, fredagbryllaup, fine detaljar, mykje latter – eg er med!



