Brud som holder ut buketten sin gjennom bildevinduet til en retro bil.

Bryllupslokale i Haugesund og på Karmøy

Skal de gifte dykk i Haugesund, på Karmøy eller i Vindafjord? Då har de fleire bryllapslokaler å velje mellom, alt etter kva slags bryllup de ønskjer dykk. Eg har samla nokre lokale de kan sjå nærare på dersom de framleis er på jakt etter den rette staden å feire bryllupet. Her finn de både eit gammalt mekanisk verkstad, lokale ved sjøen og ei gammal løe.

Skudenes Mekaniske Verksted som bryllupslokale

Dette lokalet har eg skikkeleg lyst til å fotografere bryllup i!

Skudenes Mekaniske Verksted ligg midt i Skudeneshavn og er ein tidlegare motorfabrikk frå 1916. Her er det gamle konstruksjonar, synlege detaljar og eit industrielt uttrykk som skil seg frå mange andre bryllupslokale.

Sjå for deg dette lokalet fylt med levande lys, lange bord og blomar. Altså, kor fint kunne ikkje det blitt?

Eg har ikkje fotografert eit bryllup her enno, men det er definitivt eit lokale eg håpar å få fotografere i ein dag.

Skudeneshavn er òg ein fin stad å utforske. Dei gamle gatene og hamna gir fleire moglegheiter for bryllupsbilder. Eg ser for meg at kombinasjonen av lokalet og omgjevnadene kunne blitt skikkeleg fin.

Skal de ha bryllup på Skudenes Mekaniske Verksted, ville eg absolutt tatt ein titt på moglegheitene for fotografering i området rundt òg.

På Kaien på Karmøy

På Kaien ligg i Sævelandsvik på Karmøy, i eit gammalt kaiområde med mykje historie. Dei tilbyr eigne opplegg for bryllaup, mellom anna med mat og menyar som kan tilpassast feiringa dykkar.

Dersom de ønskjer å samle gjestene til middag og fest på same stad, kan dette vere eit alternativ å undersøkje nærare.

Eg ville tatt kontakt for å høyre kva moglegheiter dei tilbyr for bryllaup, kor mange gjester dei har plass til, og korleis de kan tilpasse opplegget til dagen dykkar.

 

Høvleriet i Haugesund

Høvleriet ligg ved Smedasundet i Haugesund. Her ville eg særleg undersøkt moglegheitene for mingling utandørs dersom de planlegg bryllaupsfest ein annan stad.

Sjå for dykk at gjestene kan samlast ute med noko godt i glaset, prate saman og nyte litt tid før middagen eller festen held fram. Det kan vere ein fin måte å samle gjestene på før de går vidare til neste del av bryllaupsdagen.

Ta kontakt med Høvleriet for å høyre kva moglegheiter dei tilbyr for bruk av uteområdet i samband med bryllaup.

Brud i vintage bil på vei til vielse i Haugesund.

Kva bør de tenkje på når de vel bryllupslokale?

Det er mykje å ta stilling til når de planlegg bryllup, og lokalet er ei av dei store avgjerdene.

Her er nokre ting eg ville sjekka før de bestemmer dykk:

Plass: Er det god plass til alle gjestene, både under middagen og når dansegolvet opnar?

Mat og drikke: Er dette inkludert, eller må de ordne catering sjølve?

Pynt: Kan de dekorere lokalet slik de ønskjer?

Overnatting: Er det moglegheit for overnatting på staden eller i nærleiken?

Fotografering: Finnst det fine område i nærleiken der me kan ta bryllupsbilder?

Det kan òg vere lurt å spørje kva som skjer dersom vêret ikkje spelar på lag, særleg dersom de ønskjer å bruke uteområde i løpet av dagen.

Treng de bryllupsfotograf i Haugesund eller på Karmøy?

Eg fotograferer bryllup på Stord og elles på Vestlandet, og tek gjerne oppdrag i Haugesund, på Karmøy og i Vindafjord.

Eg likar naturlege bilete og ein avslappa stemning gjennom dagen. 

Planlegg de bryllup i Haugesund eller omegn og ser etter bryllaupsfotograf?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *