Når de får sjå bileta
Etter fotograferinga får de tilgang til eit galleri med alle bileta frå dagen.
De får 10 digitale bilete inkludert, og kan velje om de vil ha fleire favorittar eller heile galleriet.
De kan også bestille album og veggbilete om de vil ha minna ut av skjermen og inn i heimen.




digital pakke 1
full pakke
For deg som ikkje vil velje bort noko
Når du først får sjå galleriet, er det vanskeleg å plukke ut berre nokre få.
Med denne pakken slepp du å velje. Du får heile historia frå dagen – alle bileta samla, klare til å bli brukt, delt og tatt vare på.
Inkluderar:
- 80–100 bilete frå fotograferinga
- Alle bileta i høg oppløysing
- Klare for print, album og veggbilete
- Eigne versjonar til telefon og deling
- Heile galleriet - utan å måtte velje bort noko
11 500 kr
digital pakke 2
Mellompakke
For deg som vil ha mange favorittar – utan å ta alle
Du får 30 bilete frå fotograferinga – ei fin samling av dei viktigaste augneblikka frå dagen.
Dette gir god breidde, samtidig som de står fritt til å velje fleire bilete etterpå om de ønskjer det.
Inkluderar:
- 30 bilete i høg oppløysing
- Klare for print og album
- Eigne versjonar til telefon og deling
8500 kr
digital pakke 3
Liten pakke
For deg som vil ha litt meir enn det som er inkludert
Dette gir eit fint utval av dei viktigaste bileta frå dagen.
Inkluderar:
- 10 bilete i høg oppløysing
- Klare for print og deling
6500 kr
ekstra filer
Enkeltfiler
Eitt og eitt bilete – om de vil ha litt ekstra
De kan kjøpe enkeltbilete frå galleriet etterpå, dersom de ønskjer fleire enn det som er inkludert.
Inkluderar:
- Høgoppløyseleg fil
- Klar for print og deling
1200 kr per stk
Ut av skjermen, inn i livet
Det er noko heilt eige med å ha bileta framme i eit album eller på veggen.
Då blir dei ein del av kvardagen, ikkje berre noko som ligg på telefonen.
produkt 1
Fotoalbum
Eit album du faktisk tek fram
Eit album gir bileta ein plass i kvardagen.
Eg designar albumet for dykk, sånn at de får ei ferdig forteljing frå dagen, klar til å bli bladd i og delt.
- Bryllaupsalbum: 140 sider
- Familiealbum: 60 sider
- Storleik: 26×32 cm
Val mellom lin eller eco leather, med personleg tekst på framsida.
Bryllaupsalbum – 16 500 kr
Familiealbum – 12500 kr
produkt 2
Ved å bestille print hos meg sikrar du at fargane i bildene blir gjengitt korrekt. Dette er print på høgkvalitets, matt fiberpapir.
20×30, 1 400 kr
30×40: 1 700 kr
50×60: 2 000 kr
Ta kontakt for andre storleikar eller dersom du ønskjer å bestille innramma veggbilde.
Slik bestiller du ekstra biletfiler eller produkt
Vel dine favorittar
Du får tilgang til galleriet ditt og vel bileta du vil ha: enten som pakke, enkeltbilete eller produkt.
Gi meg eit lite vink
Sei ifrå kva du ønskjer, så ordnar eg resten. Eg hjelper deg gjerne om du er usikker.
Betaling
Du får faktura, og så snart ho er betalt, blir bileta levert. Eventuelle produkt blir sett i gang.
Levering av minner
Digitale bilete blir levert raskt etter betaling. Album og print kjem så snart dei er klare.
TING DU KANSKJE LURAR PÅ
Kva betalingsløysingar tilbyr du?
Eg sender faktura på både digitale filer og produkt.
Ønskjer du delbetaling, finn vi ei løysing.
Kva bør eg velje – digitale bilete eller print?
Det kjem an på kva som passar best for deg.
Digitale filer gir deg fridom til å bruke bileta slik du vil.
Album og veggbilete gir deg ferdige produkt du kan ha framme i kvardagen.
Kan eg kjøpe fleire bilete seinare?
Ja, det kan du.
Du kan kjøpe enkeltbilete etterpå dersom du ønskjer fleire.
Eg anbefaler å gjere valet innan eitt år.
Korleis bestiller eg album og print?
Du sender meg ei melding med kva du ønskjer, så ordnar eg resten.
Du får sjå og godkjenne før bestilling blir sett i gang.
Kan eg få hjelp til å velje bilete til album eller print?
Ja, eg hjelper deg gjerne.
Eg kan lage eit forslag til album eller veggbilete, så justerer me saman til det kjennest riktig.
Kor lang leveringstid er det på fysiske produkt?
Album: ca. 4–6 veker
Veggbilete og print: ca. 2–4 veker
Eg gir deg beskjed undervegs.
hei
eg heiter Hanne!
Likar du det du ser, og kjenner at dette kan vere noko for dykk?
Ta kontakt, så finn me ut av det. Å sende meg ei melding er heilt uforpliktande.


