Familiefotografering på Stord og Bømlo
Vil de ha naturlege familiebilete der ingen treng prestere? Då trur eg de kjem til å trivast framfor kamera hos meg.
For ein dyktig fotograf! Verken mannen eller eg er særleg komfortabel framfor kamera, men Hanne skapte ein fin opplevelse for oss alle på barna sine premisser. Ho fanga verkeleg nokre flotte, naturlege øyeblikk. Anbefaler ho på det sterkeste.
- Malin
Me er så glade for at me valgte familiefotografering med Hanne Barane. Det var ei veldig fin oppleving, Hanne er ein så behagelig fotograf og så flink med både ungane og oss vaksne. Bileta blei nydelege og me er veldig glade for å ha dei som minne. Kan anbefala Hanne på det varmaste.
- Eline
Det finaste skjer ofte mellom det planlagde
De treng ikkje vite kva de skal gjere framfor kamera. Eg hjelper dykk i gang, og så let me resten få skje naturleg.








På ungane sine premiss
Ingen treng prestere i ei fotografering. Me går, leikar og tek det som det kjem, og der oppstår ofte dei finaste bileta.


familiefotografering
Det er no dei er små
Det er no dei er små
Fotograferinga er avslappa og enkel, og skjer på barna sine premiss. De treng ikkje prestere framfor kamera, tenk på det som ei stund der de får berre vere saman.
Bileta skal vere fine no, men også kjennast viktige seinare.
Pakken inkluderar:
- 1 time fotografering
- 10 digitale biletfiler
- Eit kuratert galleri med 80-100 bilete å velje frå
- 10 digitale biletfiler inkludert
- Førebuingsguide
- Kontrakt
- Samtykkeskjema
- Opp til 5 familiemedlemmar
Kjem utanom:
- Bileteprodukter som album og print
- Digitale biletpakkar dersom du ønskjer fleire biletfiler enn det som er inkludert i prisen
- Les meir om digitale biletpakkar og produkt
- Helgetillegg (700kr)
- Ekstra familiemedlem (1500 kr)
9000 kr
TING DU KANSKJE LURAR PÅ
Korleis blir familiefotograferinga ei god oppleving?
Ei familiefotografering skal vere gøy! Me leikar, tøysar og har det moro saman. Barna får utfalde seg, hoppe rundt, og vere kreative. Det er då dei beste augeblinkane skjer.
Kva om det regnar?
Me dessverre ikkje styre veret. Dersom det bøttar ned, finn me eit nytt tidspunkt, men litt duskregn er inga hindring! Litt småregn gi bileta ei fantastisk stemning, med mjukt lys og eit unikt preg.
Kva om ungane blir sjuke eller tverre?
Det heilt normalt at viljestyrke og dagsform spelar ei rolle. Difor tek me oss god tid, og alt skjer på barna sine premiss. Me leikar, tullar og tøysar oss gjennom fotograferinga, slik at barna kan slappe av og vere seg sjølve. Og dersom det rett og slett ikkje går denne gongen, er det heilt greitt. Me avtalar berre eit nytt tidspunkt. Skulle nokon bli sjuke, flyttar me fotograferinga til ein dag som passar betre.
Kva skal me ha på oss?
Mitt beste råd er å tenkje meir på tekstur og rørsle enn på perfekte antrekk.
Klede med litt struktur som strikk, lin, ull eller mjuke stoff, gjer ofte bileta meir levande. Lag på lag fungerer fint, og plagg med litt bevegelse, som kjolar eller romslege skjorter, kan gi eit mjukt og naturleg uttrykk.
Det viktigaste er at de kjenner dykk komfortable og kan bevege dykk fritt.
Eg ville heller tenkt samspel enn matching - klede som fungerer fint saman, utan at alle ser like ut.
Og heilt ærleg: litt fargar kan vere fint.
Er de usikre på antrekk, send meg gjerne bilete på melding, så ser eg gjerne på det saman med dykk.
Når får me bileta?
Etter 4.6 veker etter fotograferinga vår vil du få tilsendt bildene dine i eit privat nettbasert galleri. Her kan de velge ut dei bildene de ønskjer i kjøpe.
Betaling
Pris for fotografering og ti digitale bildefiler (9000kr) betales ved booking. Prisen for ekstra digitale filer eller produkt betalast først etter de har fått sett gjennom bileta og valt kva pakke eller produkt de ønskjer.








Book familiefotografering
planlegging
Først finn me ein dato som passar. Etter booking får de kontrakt, faktura og eit lite spørreskjema. Deretter held me kontakten fram mot fotograferinga og planlegg stad og detaljar saman.
Fotografering
Eg stiller godt førebudd og er ute i god tid på avtalt plass. Eg rettleiar dykk gjennom fotograferinga, sånn at de kan fokusere på kvarandre.
Bileta av dykk
Alle bileta blir redigert i min stil og du kan legge til fleire bilete eller fysiske produkt etterpå.
Klar for å ta vare på denne tida?
Har du spørsmål eller vil sjekke dato, er det berre å ta kontakt.


