Korleis velje rett bryllaupsfotograf på Stord og i Vestland
Eg kan forestilla meg at det å velje bryllaupsfotograf kan kjennast stressande. Det er vanvittig mange fotografar å velje mellom, og det finnes like mange fotografar som det finnes stilar og smakspreferansar.
Det du veit sikkert er at bileta kjem til å bety mykje. Når maten er åten opp og kjolen er pakka vekk, er det bileta de sit igjen med. Samstundes kan det vera vanskeleg å vite kva de eigentleg skal sjå etter. Alle fotografar har fine bilete. Alle lovar minner for livet.
Så kor skal de starte, og kva er viktig å tenke på når de skal velje fotograf?
Her kjem eg med nokre av mine synstpunkt som eg håpar du kanskje finn nyttige i jakta på fotografen din.
Snakk om forventningane først
Dette er kanskje det aller viktigaste punktet de som par snakkar og blir enige om.
Før de forelskar dykk i bilete, vibes og stil, pris eller pakkar, bør de diskutere korleis de ønskjer å ha det på den store dagen.
- Vil de ha det uoppstilt med lite poseringar, eller likar de litt styrte portrett?
- Ønskjer de heile dagen dokumentert, eller er det “nok med høgdepunkta»?
- Ønskjer de ein fotograf som gjer mykje ut av seg, eller er ei slags floge på veggen?
- Vil de ha album designa i etterkant og bilete på veggen, eller er digitale filer nok?
Her er det ikkje svar som er rett eller feil. Det som er viktig er at de veit kva som er viktig for dykk og at de finn ein fotograf som er på “the same page” som dykk. Når forventningane for kva de ønskjer er avklart blir resten av prosessen mykje enklare.
Vel ein stil de elskar
Når de veit kva de vil ha, er det på tide å sjå på stil. De MÅ like stilen til fotografen de vurderer.
Her skal eg vere ærleg: å tenkje at fotografen kan «tilpasse seg» og bli ein annan type fotograf for dykk, er som regel feil spor. Stil er ikkje ein knapp ein skrur av og på.
Ein fotograf sin stil handlar om:
- kva hen ser etter
- korleis hen jobbar med lys
- kor mykje hen styrer og dirigerer under dagen
- kva augeblikk hen legg merke til
Det sit i ryggmargen. Resultatet kjem av erfaring, personlegdom og mange år med arbeid.
Når de kikkar på bileta til ein bryllaupsfotograf, er det meir enn fine augeblikk og motiv de ser. De ser korleis heile dagen kjem til å bli fortald: tempoet, roen, avstanden, nærleiken.
Difor er det viktig å leite etter ein fotograf der de kjenner: «Dette passar for oss», enn å håpe på at fotografen kan bli noko anna for éin dag. Og dette går begge vegar. Ein fotograf som seier ja til alt, og lovar å endre stil for å passe alle, endar ofte med å levere noko som ikkje er heilt sant. Verken for dykk eller for seg sjølv.
Når de vel ein bryllaupsfotograf de faktisk likar stilen til, slepp de å forklare så mykje. De slepp å justere. De slepp å vere redde for om de får det de såg føre dykk.
Det kan også vere lurt å spørre fotografen om de kan få sjå eit heilt bryllaupsgalleri, ikkje berre favorittbileta. Når de ser korleis heile dagen blir fortald, kjenner de fort om det er rett for dykk. Likar de det de ser, er det på tide å ha eit bookingmøte.
Kjemi er ikkje ein bonus – det er heilt avgjerande
Ein bryllaupsfotograf dukkar ikkje berre opp, tek bilete og forsvinn. Hen er med dykk når de gjer dykk klare, når kjenslene tek over, når nervane melder seg, og når alt plutseleg går litt fort eller litt skeivt.
Eg er der når kjolen skal på. Når slipsknuten er vanskeleg og når noken har tatt med feil belte. Når nokon blir blank i augo. Og då betyr det mykje kven som står der med kameraet.
De merkar det med ein gong om det kjennest trygt eller ikkje. Om de kan vere i augneblikket, eller om de byrjar å tenkje på korleis de ser ut eller oppfører dykk.
Difor er det viktig å møte fotografen, eller i alle fall snakkast godt saman, før de bestemmer dykk for å booke. Ikkje berre for å gå gjennom dato, pris og praktisk informasjon, men for å kjenne etter:
- Er dette ein person me har lyst til å ha med oss denne dagen?
- Flyt samtalen godt?
- Kan eg vere meg sjølv?
Spørsmålet er ikkje om fotografen er dyktig nok. Dei fleste profesjonelle er det. Spør heller: hadde eg vore komfortabel med denne personen når eg er sårbar? Hadde eg turt å le høgt, vere stille, bli rørt, grine litt – utan at det kjennest rart?
Når svaret er ja, er mykje av jobben gjort. Kjemi slår teknikk. Kvar einaste gong.
Pris handlar om meir enn talet
Eg skjønar godt at pris er viktig. Noko anna hadde vore rart. Men la oss sjå litt bak talet. Det de betalar for er mykje meir enn timane fotografen er til stades på bryllaupsdagen. De investerer i:
- Erfaring
Ein som veit kva som skjer før det skjer, kva som er viktig å fange, korleis ein handterer stress, kaos, dårleg lys eller regn. - Førebuing
Alle timane før bryllaupet; prat, planlegging, vurdering og jakt av lokasjonar, og korleis me legg opp dagen sånn at tidslinja flyt og at bileta blir ekte og naturlege. - Etterarbeid
Timesvis med redigering, sortering og levering. Det er tid og omsorg som gjer minnene levande igjen kvar gong de ser dei. - Blikket for små augeblikk
Gledestårer, smittande latter, nervøse blikk, ein klem, augeblikk de ikkje fekk med dykk, men som på bilete fortel heile historia. - Tryggleik
Å vite at de kan senka skuldrene og vere til stades. Å vite at noken andre har kontroll og elskar å vera der saman med dykk.
Pris handlar altså ikkje berre om timar på sjølve bryllaupsdagen eller bilete på veggen. Pris handlar om tryggleik og om å vite at nokon ser dagen dykkar på ein fagleg og menneskeleg måte.
Til slutt
Vel ikkje ein fotograf fordi de trur de bør. Vel den som du elskar stilen til og som du har ein god vibe med!
De skal ikkje prestere på bryllaupsdagen. De skal vere til stades. Og bileta skal spegle korleis dagen faktisk var.
Er du klar til å booke bryllaupsfotografen din? Ta kontakt for ein hyggeleg prat, så hjelper eg deg med planlegginga.




Legg igjen en kommentar