Mor held barnet oppe barnet sitt og me ser grønt gras som har klistra seg til dei bare føttene hans

Kva skal vi ha på oss til familiefotografering?

Kle dykk som dykk sjølve

Kva skal vi eigentleg ha på oss når vi skal ta familiebilete? Det er eit spørsmål eg får ganske ofte. Og heilt ærleg, så treng de ikkje kjøpe nye klede eller kle dykk opp i matchande antrekk for å få fine familiebilete.

Ta ein kikk i garderoben din og sjå på alt det fine du allereie har. Kanskje har du faktisk akkurat det du treng.

Når eg fotograferer familiar på Stord, Bømlo, Haugesund, Bergen og områda rundt, er eg mykje meir opptatt av at de skal kjenne dykk som dykk sjølve enn at alle skal sjå «perfekt» koordinerte ut.

For meg handlar gode familiebilete om nærleik, rørsle og personlegdom. Klede kan hjelpe til med å skape eit fint uttrykk, men dei skal ikkje ta merksemda frå familien.

Så her er mine beste tips til bekledning til familiefotografering.

Tenk samspel, ikkje matching

Det første eg ville gjort, er å legge frå meg tanken om at alle må matche.

De treng ikkje ha kvit skjorte, beige bukse og same farge på alle barna. Faktisk synest eg ofte bileta blir finare når familien er koordinert utan å vere identisk kledd.

Vel heller ein fargepalett på 3 til 5 fargar som fungerer godt saman, og la fargane gå igjen på ulike måtar.

Det kan til dømes vere:

  • denim
  • krem
  • blåtonar
  • beige

Eller:

  • brun
  • offwhite
  • mørk blå
  • rust
  • denim

Det treng ikkje vere komplisert. Start med eitt plagg du likar skikkeleg godt, og bygg resten av familien rundt det.

Og heilt ærleg: litt fargar kan vere skikkeleg fint.

Mor leikar med guten sin og kastar han opp i lufta og tek han i mot
Jente smiler og ler medan ho held rundt foten til mammaen sin

Tekstur er ofte viktigare enn mønster

Når eg fotograferer familiar, likar eg klede som gir litt liv og djupne i bileta.

Tenk på teksturar som:

  • strikk
  • lin
  • ull
  • kordfløyel
  • skinn
  • denim
  • mjuke bomullsstoff

Dette fungerer spesielt fint når familiefotograferinga skjer ute, slik eg ofte fotograferer på Stord og Bømlo.

Du kan gjerne kombinere ulike teksturar i familien. Ein strikkegenser, ei linbukse, ein denimjakke og ei mjuk kjole kan fungere mykje betre saman enn fire heilt like antrekk.

Eg ville også prioritert tekstur framfor store og tydelege mønster.

Mønster er absolutt lov, men dersom du vel mønster, fungerer gjerne små og enkle mønster best, til dømes små prikkar eller smale striper.

Lag på lag gir meir liv

Lag på lag er både praktisk og fint på bilete.

Spesielt når vi fotograferer ute i Vestlandsvêret, kan det vere ein fordel å ha fleire lag å leike med.

Tenk:

T-skjorte, skjorte og strikkegenser

eller

kjole, cardigan og jakke

eller

bukse, genser og kåpe

Ein jakke som kan takast av undervegs kan dessutan gi oss eit litt annleis uttrykk utan at de treng å skifte antrekk.

Og ja, dette gjeld også barna. Ein litt romsleg genser, ei strikkajakke eller ei oversized skjorte kan gi masse fin rørsle når dei spring rundt.

Nærbilete i svart-kvitt av far som kysser barnet sitt i tinninga. Dei har på seg ullgensrar.
Familie står samla og held rundt kvarandre på ei eng i nydelege haustfargar og haustsol.

Movement makes magic

Dette er kanskje det viktigaste rådet mitt:

Klede som beveger seg, gjer det også lettare å få bilete som kjennest levande.

Ei kjole som dansar litt når du går.

Ei stor skjorte som blafrar i vinden.

Ei oversized kåpe.

Ein mjuk strikkegenser.

Bukser som barna faktisk kan springe i.

Eg vil mykje heller at de skal kunne hoppe, springe, klemme, løfte barna og gå rundt enn at de skal stå heilt stille fordi antrekket er upraktisk.

Familiefotografering hos meg handlar ikkje om å stå på rekke og smile til kameraet heile tida. Vi skal bevege oss, vere saman og la barna vere barn.

Movement makes magic.

Kle barna for å vere barn

Dette fortener eit eige punkt.

Vel klede barna kan bevege seg i.

Dersom barnet ditt hatar stramme bukser, ikkje kle barnet i stramme bukser fordi dei ser fine ut på Pinterest. Dersom femåringen aldri brukar skjorte, treng han kanskje ikkje skjorte på familiefotograferinga heller.

Dei beste bileta kjem ofte når barna gløymer kameraet.

Difor er komfort faktisk ein del av stylingen.

Søskenpar står ved eit vatn med nydelege haustfargar rundt seg. Dei smiler til kamera. Dei har på seg fargerike støvlar

Og sko? Ja, dei betyr noko

Sko blir fort synlege på familiebilete, spesielt når vi fotograferer ute.

Boots, støvlar, sneakers eller barbeint kan fungere fint, avhengig av kvar vi fotograferer og kva uttrykk de ønskjer.

Det viktigaste er at skoa passar resten av antrekket og at dei toler å bli brukt.

Og dersom vi fotograferer på stranda, i skogen eller ein annan plass der det passar:

Barbeint er heilt lov.

 

The devil is in the details

Når ein først har funne antrekka, er det lett å gløyme dei små detaljane.

Men sokkar, sko, luer, hattar, smykke, hårspenner og anna tilbehøyr kan vere ein fin måte å få fram personlegdom på.

Fargerike sokkar.

Favorittlua til barnet.

Eit stort skjerf.

Eit smykke du alltid brukar.

Det treng ikkje vere styla ned til minste detalj. Tvert imot.

Eg likar når ein kan sjå litt av kven de faktisk er.

Portrett av jente med vind i håret på Bømlo
Mor får eit kyss på kinnet sitt av dottera si ute på ei ei eng med gule strå

Kva bør de unngå?

Eg har ikkje eigentleg ei lang liste med «forbod», men nokre ting kan vere lurt å styre unna dersom de ønskjer eit roleg og tidlaust uttrykk.

Store logoar og trykk

Store logoar eller tekst på genserar kan fort bli det første ein legg merke til på biletet.

Små logoar går heilt fint. Men dersom du står mellom to plagg, ville eg som regel valt det utan ein stor logo.

Alle i same farge

Fire personar i identiske beige antrekk kan bli litt… beige.

Det er ingenting gale med beige. Eg elskar nøytrale fargar. Men bland gjerne inn ulike nyansar og teksturar.

Klede de ikkje føler dykk vel i

Dette er det viktigaste.

Viss du brukar heile fotograferinga på å dra ned skjørtet, rette på skjorta eller passe på at buksa ikkje glir ned, kjem det til å påverke kor avslappa du føler deg.

Vel noko du kan gå, sitje, klemme og bevege deg i.

Familie som går hand i hand bortover ei eng

Kva med årstida?

Antrekka kan også vere med på å fortelje når familiebileta blei tatt.

På ein varm sommardag på Stord eller Bømlo kan lin, lette kjolar, skjorter og bare føter vere kjempefint.

På hausten kan vi leike meir med strikk, ull, denim, støvlar og lag på lag.

Om vinteren kan store kåper, skjerf og strikk gi eit skikkeleg fint og mjukt uttrykk.

Og på Vestlandet må vi sjølvsagt også rekne med at vêret kan ha sine eigne meiningar.

Det gjer ingenting.

Familiebileta treng ikkje vere tatt i perfekt solskin.

Kvar fotograferer eg familiefotografering?

Eg fotograferer familiar på Stord, Bømlo og i områda rundt, og eg reiser også til mellom anna Haugesund og Bergen for fotograferingar.

Eg likar spesielt godt å bruke naturlege omgjevnader, strender, skog, opne landskap og andre plassar der barna kan bevege seg fritt.

Det betyr også at bekledninga gjerne kan passe til staden vi skal fotografere på.

Vi treng ikkje lage eit perfekt studiooppsett.

Vi treng berre ein fin plass, litt tid og ein familie som får vere seg sjølv.

Nærbilete av mor som kyssar barnet sitt på kinnet. Barnet smiler og ler.
Mor og dotter held rundt kvarandre ute på ei eng av strå i haustfargar. Dottera har på seg fargerike støvlar.

Er du framleis usikker på kva de skal ha på?

Send meg gjerne bilete av antrekka de vurderer.

Eg hjelper gjerne med å sjå om fargane og uttrykket fungerer saman.

Du treng altså ikkje finne fram Pinterest, kjøpe fem nye antrekk og begynne heilt på nytt.

Start med dykk sjølve.

Finn klede de likar, som de kan bevege dykk i, og som kjennest som dykk.

Resten tek vi derfrå.

Skal vi ta familiebileta?

Eg fotograferer familiefotografering på Stord, Bømlo, Haugesund, Bergen og områda rundt.

Målet mitt er ikkje perfekte familiebilete der alle sit pent og smiler mot kameraet. Eg vil heller fotografere dei små tinga som faktisk kjennest som dykk, latteren, kosen, kaoset, dei små hendene og alle dei fine augneblikka mellom.

Vil de ha familiebilete som kjennest som familien dykkar? Ta kontakt, så finn vi ein stad og ein dag som passar.