Nyfødtfotografering – minner frå den aller første tida
Det finst knapt noko meir spesielt enn dei første dagane heime med ein nyfødd. Alt er nytt, litt kaotisk og heilt fantastisk på same tid. Dei små lydane, korleis babyen krøllar seg tett inntil deg, og den heilt eigne stemninga i heimen. Dette er ei tid som går fort, og nettopp derfor er nyfødtfotografering noko av det mest verdifulle som finst.
Eg kjem heim til familien din og fotograferer babyen medan alt framleis er ferskt og ekte. Eg brukar naturleg lys, og eg fotograferer både babyen åleine og saman med resten av familien. Resultatet blir ein kombinasjon av klassiske portrett og dokumentariske bilete som viser korleis den nye kvardagen faktisk ser ut.
Når passar det best å ta nyfødtbileta?
Den beste tida for nyfødtfotografering er når babyen er mellom fem og femten dagar gamal. Då søv dei som oftast djupare, og det er lettare å få dei rolige bileta mange ønskjer seg. Samstundes er det viktig at mor og familie har kome heim frå sjukehuset og er klare for besøk. Kvar familie er ulik, og eg tilpassar fotograferinga etter korleis de har det og kva de er komfortable med.
Fotograferinga skjer helst på føremiddag, mellom klokka ti og to, når lyset i heimen er på sitt finaste. Naturleg lys gir dei mjuke, varme tonane som gjer bileta levande og ekte.
Sånn går fotograferinga føre seg
Eg kjem heim med alt som trengst, blant anna ein liten sakkosekk som eg brukar når eg tek dei klassiske portretta av babyen. Me brukar god tid, og det er heilt greitt om babyen må ha ein pause for mat eller kos undervegs. Vanlegvis varer fotograferinga i to til tre timar, alt etter korleis babyen har det.
Først blir babyen fotografert åleine, deretter saman med foreldre og eventuelle søsken. Når dei viktigaste bileta er på plass, fotograferer eg gjerne litt meir kvardagslege augeblikk mellom slaga. Eit blikk, eit lite smil, ein kopp kaffi på kjøkkenbenken – alt som fortel historia om den første tida.
Førebuing og gode råd
I forkant av fotograferinga sender eg ut ei hugseliste med enkle tips. Der står det mellom anna korleis babyen kan førebuast, kva fargar og klede som fungerer best, og korleis ein kan legge til rette for at babyen søv godt under fotograferinga. Målet er å skape ei roleg og trygg stemning sånn at både baby og foreldre får ei god oppleving. Perfekt treng det aldri å vere, det er det ekte som tel.
Etter fotograferinga
Etter fotograferinga får de eit visningsgalleri med om lag åtti til hundre bilete. Her kan de velje ut favorittane, eller kjøpe heile galleriet. Mange vel alt, fordi denne tida er så spesiell og bileta betyr så mykje.
Det er også mogleg å bestille handlaga coffeetable-bøker med dei finaste bileta frå fotograferinga. Albumet samlar minna på ein varig og vakker måte, og blir eit minne som varer i generasjonar.
Kvifor velje nyfødtfotografering?
Nyfødtfotografering er meir enn “berre” fine bilete. Det handlar om å fange noko ekte, og den første tida som nybakt familie. Dei små hendene, dei mjuke valkane, blikket mellom foreldre og baby. Alt det som gjer at du, om mange år, kan sjå tilbake og kjenne den same følelsen igjen.
Eg legg vekt på å skape ei trygg og roleg oppleving, med fokus på nærleik og ekte augeblikk. Naturleg lys og uformell stemning gjer at bileta får eit tidlaust preg.
Nyfødtfotografering på Stord og i Vestland
Eg tilbyr nyfødtfotografering på Stord og elles i Vestland. Eg kjem heim til familien for å dokumentere den første tida saman. Enten ønsket er klassiske bilete av babyen eller meir kvardagslege augeblikk, legg eg opp fotograferinga etter kva som passar best for dykk.
Det kan vere lurt å ta kontakt allereie i svangerskapet, slik at eg kan halde av tid rundt termin. Då ligg alt klart, og de kan nyte den første tida medan minna blir tatt vare på.




Legg igjen en kommentar