Nyfødtfotografering er favoritten min.
Det er rått, sart, kaotisk og ekte.
Kaffiringar på bordet.
Babykos i sofaen.
Prat som går litt i alle retningar, mellom bleieskift og små pausar.
Og bilete som blir viktigare for kvart einaste år som går.
Når eg fotograferer nyfødde, kjem eg heim til dykk. De treng ikkje rydda heile huset eller førebu noko spesielt.
Eg ser etter:
lyset som allereie finst
augneblikka mellom dykk
det som kjennest kvardagsleg no, men som ikkje varer
Dette er ei fotografering me tek akkurat som den kjem. Med uro og ro, amming, flasker, byssing, og alt det som høyrer med.
Mange tenkjer at dei kjem til å hugsa denne tida uansett.
Men sanninga er at detaljane bleiknar fortare enn ein trur (eg snakkar av erfaring).
Bileta blir:
eit minne om kor liten babyen faktisk var
ei påminning om starten de hadde saman – uansett korleis den måtte vere
noko de kjem til å bla i igjen og igjen
Mange vel å fotografera babyen når han er mellom 5–14 dagar gammal. Samstundes treng de ikkje stressa.
Eg tilpassar meg dykk og rytmen de er i.
Det viktigaste er ikkje alder i dagar, men at de har overskot nok til å vera dykk sjølve.
Eg har ledige timar for nyfødtfotografering framover.
Viss de ønskjer bilete som kjennest ekte, rolige og nære, så er det kanskje eg som skal få komma på besøk til dykk?
Ta kontakt, så finn me ut av det saman.
Denne siden bruker informasjonskapsler (ccokies) for å optimalisere din opplevelse.
Nettsiden lagrer informasjonskapsler for å forbedre funksjonaliteten og tilpasse opplevelsen din. Du kan administrere valgene dine, men blokkering av noen informasjonskapsler kan påvirke nettstedets ytelse og tjenester.
Nødvendige informasjonskapsler muliggjør grunnleggende funksjoner og er nødvendige for at nettstedet skal fungere ordentlig.
These cookies are needed for adding comments on this website.
Statistikk-informasjonskapsler samler inn informasjon anonymt. Denne informasjonen hjelper oss å forstå hvordan besøkende bruker nettstedet vårt.
Google Analytics is a powerful tool that tracks and analyzes website traffic for informed marketing decisions.
Service URL: policies.google.com (opens in a new window)
Du finner mer informasjon om vår personvernerklæring og bruk av informasjonskapsler her Personvern
Legg igjen en kommentar