

NYFØDTFOTOGRAF PÅ STORD – EG KJEM HEIM TIL DYKK


Eg er nyfødtfotograf på Stord og reiser heim til dykk på Bømlo, i Haugesund og på Haugalandet. Eg tek også oppdrag i Bergen. Inntil 3 timar, 10 bilete, 9 500 kr inkl. mva.
For dykk som ønskjer naturlege og dokumentariske bilete frå den første tida saman – dei små augeblikka, nærleiken og alt som høyrer med.
Hanne er fantastisk grei og behagelig fotograf, tar nydelige bilder og anbefales sterkt!
- Sesilie
Anbefaler virkelig Hanne! Kjempeflink fotograf som gjorde opplevelsen SÅ naturleg. Me elskar bildene!
- Becca
Me er veldig nøgd med bileta av vår nyfødte son! Dei viser nære og ekta augeblikk frå nyfødtbobla!
- Toni
Sånn føregår nyfødtfotografering heime hos dykk
Nyfødtfotograferinga skjer heime hos dykk, i rolege og kjende omgjevnader. De treng ikkje pakke saman og reise nokon stad. Eg kjem til dykk.
Me tek oss god tid, og fotograferinga varer gjerne 2–3 timar. Det gir rom for mating, bleieskift, byssing og små pausar undervegs. Kanskje drikk me ein kopp kaffi medan baby søv litt. Det er ingen hast.
Eg fotograferer både portrett av babyen og bilete saman med dykk som foreldre og eventuelle søsken. Nokre bilete er meir varsamt rettleia, andre oppstår berre slik dei er.
Målet er ikkje perfekte augeblink, men å ta vare på korleis denne tida faktisk kjennest.
Sjå ei nyfødtfotografering heime på Stord, eller les om korleis ei roleg nyfødtfotografering heime går føre seg.









NÅR ER BESTE TIDA Å BOOKE NYFØDTFOTOGRAFERING?
Dei fleste tek kontakt i svangerskapet og reserverer tid rundt termin. Sjølve nyfødtfotograferinga skjer ofte dei første vekene etter fødselen, men eg tilpassar fotograferinga etter babyen og dykk.




Priser nyfødtfotografering på Stord
Den første tida
2-3 timar FOTOGRAFERING HEIME HOS DYKK
Ei roleg nyfødtfotografering på babyen sine premissar, med tid til pausar, byssing og mating undervegs. Eg fotograferer både portrett av babyen og bilete saman med foreldre og eventuelle søsken.
Pakken inkluderar:
- Inntil 3 timar fotografering heime hos dykk
- Eit nøye kuratert galleri på ca. 80-100 bilete å velje frå
- 10 digitale biletfiler inkludert
- Moglegheit for å kjøpe fleire bilete eller fullt galleri
- Førebuingsguide
- Inntil 5 familiemedlemmer
Kan byggast på:
- Fleire digitale bilete
- Album og print. Les meir om digitale biletpakkar og produkt
- Helgetillegg (1500 kr)
- Ekstra familiemedlem (1500 kr)
PRIS: 9500 kr inkl. mva
Spørsmål mange har før dei bookar nyfødtfotografering
Kva kostar nyfødtfotografering?
Nyfødtfotografering kostar 9500 kr, og inkluderer inntil 3 timar fotografering heime hos dykk, 10 digitale biletfiler og eit kuratert galleri på 80 til 100 bilete å velje mellom. Ønskjer de fleire bilete eller eit album i etterkant, kjem det som eit tillegg.
Når bør eg booke nyfødtfotografering?
Eg anbefaler å ta kontakt i svangerskapet, gjerne i god tid før termin, så reserverer me ein plass rundt fødselen. Eg tek berre eit avgrensa tal fotograferingar kvar månad, så det kan vere lurt å vere ute i god tid.
Kor gamal bør babyen vere?
Dei fleste vel fotografering når babyen er 1-2 veker gamal. Ønskjer de meir klassiske nyfødtportrett, er det fint å fotografere medan babyen er heilt liten. Eg fotograferer også eldre babyar dersom de ønskjer ein annan type bilete.
Kor lang tid tek fotograferinga?
Eg set av 2–3 timar heime hos dykk. Det gir rom for amming, byssing, bleieskift og små pausar undervegs. Me tek det i eit roleg tempo, på baby sine premissar.
Kan foreldre og søsken vera med?
Ja, alltid. Eg fotograferer både baby åleine og saman med dykk. Har de eldre søsken, er dei sjølvsagt velkomne med på bileta òg.
Kva om babyen ikkje vil sove?
Det går heilt fint. Baby treng ikkje sove for at det skal bli fine bilete. Vakne blikk, strekk og små uttrykk kan vere minst like verdifulle å ta vare på.
REISER DU TIL ANDRE STADER?
JAAA, det gjer eg! Eg har base på Stord, men reiser gjerne heim til dykk for nyfødtfotografering. Eg fotograferer nyfødde på Stord og Bømlo, i Haugesund og på Haugalandet, og tek også oppdrag i Bergen. Så sjølv om eg held til på Stord, treng de ikkje reise til meg - eg kjem til dykk.







Book nyfødtfotografering
planlegging
Du bookar i svangerskapet, og eg held av tid rundt termin. Du får ein førebuingsguide med enkle råd før fotograferinga.
Fotografering
Når babyen er komen, finn me ein dag som passar. Fotograferinga skjer heime hos dykk, i roleg tempo og på babyen sine premissar.
Galleri og levering
Etter 4–6 veker får de eit digitalt galleri med bilete å velje frå. 10 digitale bilete er inkludert, og det er mogleg å byggje på med fleire filer eller produkt.


Klar for kaffibesøk med kamera?
Om dette høyrest ut som ei nyfødtfotografering som passar dykk, send meg gjerne ei melding og fortel litt om termin og tankane dykkar.


