
bryllups- og familiefotograf på Stord
HEI!
Eg heiter Hanne
Småbarnsmamma, bryllaups- og familiefotograf.
Eg fotograferer på Stord og elles på Vestlandet, og fotograferer naturleg og dokumentarisk for menneske som ønskjer levande bilete utan mykje posering. Eg likar bryllaup med god stemning, familiar som let ungane springe rundt og fotograferingar der det er rom for å vere seg sjølv. Bileta mine har eit lyst, tidlaust og estetisk uttrykk, med eit subtilt editorial preg.
De treng ikkje vere «gode framfor kamera». Det hadde vore veldig upraktisk om det var eit krav.
Lite stive poseringar, litt kaos og mykje liv i bildene.
Korleis eg blei fotograf:
Eg fekk mitt første kamera i 7. klasse, og fotograferte alt eg kom over, blomster, insekt, landskap, og veninner fekk køyre som modellar. Foto har fulgt meg vidare i livet. I lærarutdanninga hadde eg fleire fordjupingsoppgåver innan foto, gjennom kunst og handverk-faget, og i 2015 skreiv eg master i kunst-estetiske fag der eg undersøkte korleis ungdommar framstiller og uttrykker seg gjennom foto.
Då eg sjølv blei mamma, blei eg endå meir oppteken av å dokumentere ungane mine og det nye livet vårt. Det utvikla seg vidare til å fotografere andre sine ungar òg, og i dag er bryllaupsfotografering, familiefotograferingog nyfødtfotografering det eg brukar dagane mine på. I 2021 tok eg steget og starta for meg sjølv.
Når eg ikkje fotograferer finn du meg sannsynlegvis:
- på trening
- med to ungar på slep
- med ein kopp kaffi i handa
- eller i sofaen med ein krimserie og altfor mykje sjokolade.
Medlem av Norges fotografforbund og Bergen fotograflaug


ti kjappe
01 /
Står opp tidleg for kaffi og ro.
02 /
Litt distre. Veldig engasjert.
03 /
Ananas på pizza
04 /
Det kjedeligaste eg veit er å legge saman kle.
05 /
Krimserie + sjokolade = perfekt kveld.
06 /
Ja, eg kjem sannsynlegvis til å be dykk gå litt nærare vindauget for betre lys
07 /
Glad i folk som ler høgt.
08 /
Bad og badstu, ja takk!
09 /
Favorittlyd: bølger og kaffimaskin.
10 /
Eg bur med tre gutar og eit imponerande støynivå.














