Veteranbil frå Kjells Bilsalong utanfor bryllaupsfeiring på Skrivargarden Stord
bryllaup

Bryllaup på Skrivargarden, Stord

Bryllaup på Skrivargarden Stord er noko av det finaste eg får vere med på. Denne dagen var roleg og god – varm og avslappa stemning heile vegen.

Eg fotograferer naturleg og dokumentarisk. Eg prøver ikkje å style eller styre folk, men å fange det som faktisk skjer – vigselen, talane, første dansen, men også det som skjer imellom. Eit blikk. Ein latter. Hender som møter kvarandre. Roen rett før alt startar.

Skrivargarden er eit fint sted å fotografere på, med den historiske bygningen og fine omgivnadene rundt.

Det viktigaste for meg er at bileta viser korleis dagen kjendest, ikkje berre korleis han såg ut.

Elegant portrett av brud framfor buskar med kvite blomster ved Sæbø Gard på Stord

Velkomen hit!

Eg heiter Hanne.
Eg likar best når ting får skje litt av seg sjølv.
Det er då dei beste bileta kjem.