Familie samla på ei eng med høgt gras omringa av grøne tre på Bømo
Familie

Familiefotografering på Bømlo – naturleg og ekte

Familiefotografering på Bømlo med fokus på nærleik og naturlege augeblikk. Ikkje stive oppstilte bilete, men ekte familieliv slik det faktisk er.

Me er nesten alltid ute. Går ein tur, finn ein fin plass, eller berre er i naturen saman. Det treng ikkje vere meir avansert enn det. Naturen rundt Bømlo og Stord gir mange fine bakgrunnar, anten det er strand, skog eller berre hagen heime hos dykk.

Eg fangar det som skjer naturleg. Ein klem, ein latter, eit barn som spring foran, roen når alle berre er saman. Eg styrer lite, og lar familien vere seg sjølv framfor kameraet. Dei beste bileta kjem ofte når folk gløymer at dei blir fotografert.

Familiefotografering Bømlo handlar for meg om å fange kvardagen slik ho faktisk er, ikkje ein perfekt versjon av han. Same om det er ein liten familie eller ein stor gjeng med besteforeldre og barnebarn, målet er det same. Bilete som kjennest levande, personlege og som dykk.

Eg har mine favorittplassar på Stord og Bømlo der eg likar å fotografere. Men har de ein plass som står hjarta nært, ein stad de har minner frå eller berre er glad i, så bruker me heller den. Det viktigaste er at det kjennest rett for dykk.

Ta gjerne kontakt om du lurar på noko, eller vil booke ei fotografering.

Sjå også familiefotografering med leik og kaos og nyfødtfotografering heime.

Mor og far held på babyen sin ute på ei eng med langt grønt gras. Mor kyssar babyen på kinnet

Velkomen hit!

Eg heiter Hanne.
Eg likar best når ting får skje litt av seg sjølv.
Det er då dei beste bileta kjem.

Hanne Barane, fotograf på Stord