Smilande brud og brudgom med brudebukett
bryllaup

Vårbryllaup på Hardingasete, den perfekte staden

Vårbryllaup på Hardingasete var heilt fantastisk. Steikande sol, god stemning og flotte gjestar skapte ein heilt spesiell dag. Hardingasete gir ein unik bakgrunn med vakker natur og avslappa, men likevel stilfulle omgjevnader, noko som gjorde det til den perfekte staden for å feire kjærleiken.

Eg er takksam for å ha fått vere ein del av denne dagen, og for å ha fått fanga dei ekte augeblikka mellom brudeparet, venane og familien.

Det var ein dag fylt med latter, rørande augeblikk og tidlause minne. Hardingasete er utan tvil ein stad som bidreg til å gjere eit bryllaup ekstra spesielt. Naturen rundt og den personlege kjensla passar perfekt til eit bryllaup som er både romantisk og uformelt.

Sjå også bryllaupet på Skrivargarden og eventyrbryllaupet på Avenue Park.

Smilande brud og brudgom med brudebukett

Velkomen hit!

Eg heiter Hanne.
Eg likar best når ting får skje litt av seg sjølv.
Det er då dei beste bileta kjem.

Hanne Barane, fotograf på Stord