Kjæraste

Kjærastefotografering ved Ryvarden fyr

Å ta bilete av par som berre er seg sjølve – det er noko av det finaste eg veit. Denne kjærastefotograferinga ved Ryvarden fyr i Haugesund var akkurat slik. Låg vintersol, frisk sjøluft og eit par som hadde det fint saman. Ingen oppstilte poseringar, berre ekte augeblikk.

Ryvarden er ein fantastisk stad for fotografering, med ope landskap, havet rett utanfor og stadig skiftande lys. Perfekt for dei som ønskjer naturlege og stemningsfulle bilete i Rogaland.

Velkomen hit!

Eg heiter Hanne.
Eg likar best når ting får skje litt av seg sjølv.
Det er då dei beste bileta kjem.