Nyfødt

Vesle nurk

Dei små henda, dei forsiktige bevegelsane, og den lune stemninga heime. Å få fotografere nyfødte handlar om å ta vare på desse augeblikka – akkurat slik dei er.

Denne fotograferinga vart gjort i rolege omgivnader, med fokus på varme og nærleik. Det mjuke, nære samspelet mellom foreldre og baby er så viktig for meg å få fram.

Om de vurderer nyfødtfotografering, vil eg gjerne hjelpe dykk med å bevare denne unike tida for alltid.

Velkomen hit!

Eg heiter Hanne.
Eg likar best når ting får skje litt av seg sjølv.
Det er då dei beste bileta kjem.