Smilande brudepar går hand i hand på Møhlenpris i Bergen by.

Fotograf for rådhusbryllaup i Haugesund

Eg fotograferer rådhusbryllaup i Haugesund for par som ønskjer å halde dagen liten og personleg, utan å gi avkall på gode bilete. Eg tilbyr eigne pakkar på 1, 2 eller 4 timar, med rom for både vigsle, portrett, gratulasjonar og dei små augeblikka rundt dagen.

Slik fungerer rådhuspakkane

Eg tilbyr eigne pakkar for rådhusbryllaup i Haugesund rådhus på torsdagar og fredagar, med fotografering i 1, 2 eller 4 timar, avhengig av kor mykje de ønskjer dokumentert frå dagen.

Desse pakkane er laga for mindre vigsler der de vil halde det enkelt, men likevel ta vare på minna på ein fin måte.

Rådhuspakkane gjeld torsdagar og fredagar, med fotografering i 1, 2 eller 4 timar.
Laurdagsvigsler følgjer ordinære bryllaupsprisar.

Dette passar for dykk som

 

Rådhusbryllaup handlar ikkje om å gjere mindre ut av dagen, berre å gjere han på dykkar måte.

Klassisk og elegant portrett av brud med vintage hatt og perlesmykke i Bergen

Rådhuspakke 1

For dykk som vil halde det enkelt

1 time

Passar for dykk som ønskjer bilete frå sjølve seremonien og portrett etterpå, utan å bruke meir tid enn nødvendig.

Pakken inkluderar:
  • Fotografering under seremonien
  • Portrett før/etterpå
  • Digitalt galleri
  • Planlegging i forkant
15 000 kr
Brudepar som går hand i hand i ei gate på Møhlenpris i Bergen. Dei smiler og ler

Rådhuspakke 2

For dykk som vil ha litt meir rom

2 timar

Mest valde rådhuspakken

Passar for dykk som ønskjer tid til portrett, gratulasjonar og bilete med dei næraste.

Pakken inkluderar:
  • Fotografering under seremonien
  • Portrett før/etterpå
  • Bilete med familie og gratulasjonar
  • Digitalt galleri
  • Planlegging i forkant
20 000 kr
Brud som smiler med vakkert slør framfor naturhistorisk museum i Bergen etter rådhusbryllup

Rådhuspakke 3

For dykk som vil dokumentere meir av historia

4 timar

Passar for dykk som ønskjer å få med fleire delar av dagen, og meir ro til bilete undervegs.

Pakken inkluderar:
  • Utvida dekning
  • Fleire delar av dagen dokumentert
  • Meir variert galleri
  • God tid til portrett og omgjevnader
30 000 kr

Fine stader for bilete etter vigsla

Etter vigsla finst det fleire fine stader i gangavstand frå rådhuset, alt etter kva uttrykk de likar.

Rundt rådhuset

For klassisk arkitektur og fine linjer.

Byparken

For grønt, ro og mjukare omgjevnader.

Smedasundet

For sjø, byliv og meir urban stemning.

Ofte stilte spørsmål

Kor lenge varer sjølve vigsla?

Ei borgarleg vigsle varer ofte rundt 10–15 minutt, men eg anbefaler alltid å setje av meir tid til gratulasjonar og bilete etterpå. Hugs legitimasjon.

Kor mange timar bør me booke?

1 time passar for vigsla og portrett.
2 timar gir meir rom for gratulasjonar og bilete med familie.
4 timar passar om de ønskjer å dokumentere meir av dagen.

Kan me ta bilete etter vigsla i nærområdet?

Ja, det finst fleire fine stader i gangavstand frå rådhuset, som rundt rådhuset, Byparken og Smedasundet.

Kan me booke rådhuspakke på laurdag?

ådhuspakkane gjeld torsdag og fredag. For laurdagsvigsler gjeld ordinære bryllaupsprisar.

Når bør me ta kontakt?

Så snart vigselsdato er på plass, særleg om de ønskjer torsdag eller fredag i populære periodar.

Fortel meg om rådhusbryllaupet dykkar

Har de dato på plass, eller berre går med tanken? Send meg gjerne ein melding, så kan me sjå kva pakke som passar dagen dykkar.