bryllaup

Haustbryllaup i Fronta Lavvoen på stord

Haustbryllaup i Fronta Lavvoen på Stord hadde ei lun stemning. Dette brudeparet valde å ta portretta sine ved Kattnakken, omgitt av gyldne haustfargar og eit nydeleg landskap rundt seg.

Haust er heilt spesielt som årstid for bryllaup. Lyset er mjukt og varmt, og fargane i naturen skifter mellom gult, oransje og raudt. Same haustpalett gjekk igjen i borddekkinga og blomstane inne i lavvoen, med masse levande lys som skapte ei varm og lun kjensle.

Kattnakken på Stord er ein fantastisk plass for brudeparportrett. Utsikta, naturen og haustfargane gir eit vakkert bakteppe, same om ein fotograferer tett på paret eller tar med litt meir av landskapet rundt. Det er ein av mine favorittplassar for nettopp den typen bilete.

Sjølve feiringa fann stad i Fronta Lavvoen, ein god plass for eit haustbryllaup. Lavvoen gir god plass til gjestane, samtidig som det kjennest intimt og varmt. Utover kvelden brann dei bål ute, og tente stjerneskot. Heilt magisk, med varme, lys og nærleik mellom gjestane.

Eit haustbryllaup i Fronta Lavvoen på Stord kombinerer det beste frå to verder. Den dramatiske, vakre naturen ute til portretta, og den varme, lune kjensla inne til sjølve feiringa. Fargane frå naturen, borddekkinga og lyset i lavvoen heng saman gjennom heile dagen, og gir eit heilskapleg og vakkert uttrykk.

Om de også vurderer eit haustbryllaup i Fronta Lavvoen på Stord, tar eg gjerne ein prat om korleis dagen kan leggast opp, og kva som passar best for dykk.

Velkomen hit!

Eg heiter Hanne.
Eg likar best når ting får skje litt av seg sjølv.
Det er då dei beste bileta kjem.