Jente som ler på skuldrene til pappa, familiefotografering ute

Førebu barna til familiefotografering: 7 tips

Sist oppdatert: 26. november 2026

Kort fortalt: La dei eldre barna vere med i planlegginga, til dømes når de vel klede. Avtal ein liten premie til etter fotograferinga, og vent med mat og snacks til de er ferdige. Under fotograferinga er leik, latter og litt kaos heilt greitt, det gir ofte dei finaste bileta. Og blir det regn eller sjuke barn, finn me ei løysing saman.

Dersom du les dette, vurderar du kanskje å ta med deg familien din for å bli foreviggjort saman? Eller kanskje du allereie har tinga fotografering saman med meg? Uansett, det er supert at du er her!
Eg gler meg til å fange dykkar personlege augeblink og vere med på å skape minner som varer. Men før me kjem dit, har eg laga ei lita guide for å gjere fotograferinga så enkel og kjekk som mogleg – både for deg og for barna.

Kle og fargeval

Det viktigaste er at alle føler seg komfortable i det dei har på seg, og det er absolutt ikkje nødvendig å gå ut og kjøpe nye klede for fotograferinga. Det som er viktig er å tenke på er kva for fargar som passar saman.

Vil du ha fleire tips om klede, har eg skrive eit eige innlegg om kva de skal ha på dykk til familiefotografering.

Pappa ber eit lite barn på skuldrene i skogen under familiefotografering
Jente ligg i graset og ler, svart-kvitt

La dei eldre barna vere med i planlegginga

Er barna litt eldre, kan det vere ein god idé å la dei vere med å velje ut klærne sine. Dei vil kjenne seg meir med i prosessen og kanskje også få det gøy med å finne noko dei likar. I tillegg kan dei eldste barna ha gode forslag til aktivitetar me kan gjere når me skal fotografere. Kanskje dei har noko moro på hjartet, som å leite etter naturens skattar eller finne på ein leik som får heile familien til å le. Dette gjer det lettare for alle å føle seg meir komfortable, og me får gjerne meir spontane og genuine bilete!

Motivasjon

Det kan vere lurt å tenkje på noko som barna kan få som ein liten «premie» etter fotograferinga. Det kan vere favorittmat, ei lita leike eller kanskje ein kjekk aktivitet de skal gjere saman som familie etterpå. Eg anbefaler å vente med å gi mat eller snacks heilt til fotograferinga er ferdig. Dette hindrar klebrige hender, «gomlebileter» og små flekkar på kleda. Små motivasjonar som barna kan sjå fram til, gjer ofte stemninga ekstra god

Familie sit saman i det høge graset i motlys under familiefotografering
Pappa løftar ein lattermild baby opp i lufta, svart-kvitt

Leik og latter er gull

Eg gjer mitt ytterste for at fotograferinga skal vere avslappa og gøyal. Eg byr opp til leik, tull og tøy. Me skal ha det kjekt saman! Leik, undring og litt kaos er faktisk det som gir dei aller beste bileta. Det er heilt greit at barna leikar og utforskar i løpet av sesjonen. Me tar det på barna sine premissar, og dersom dei treng litt pausar eller vil gå ein annan stad, så gjer me det.

Eg veit at mange foreldre er litt nervøse for at barna ikkje skal «oppføre seg» under fotograferinga. Men det er heilt greit! Det viktigaste for meg er å poengtere at me ikkje må bli irriterte dersom barnet ikkje vil gjere det som me vil. Barna våre er fantastiske, og me tek dei slik dei er.

Dersom det regnar eller noken blir sjuke

Vêret kan vere litt uforutsigbart, spesielt her på Vestlandet, men det meste kan me tilpasse oss! Dersom det bøttar ned, finn me ein ny dato for fotograferinga – det viktigaste er at alle får ein god oppleving. Men litt duskregn tålar me! Faktisk kan det gi bileta ein ekstra dose magi med mjukt lys og fine, naturlige dråpar. Om nokon i familien skulle bli sjuke, er det berre å gi meg beskjed. Då finn me ein annan dag som passar betre, slik at alle kan vere med og ha det fint under fotograferinga. Det skal vere ei god oppleving for heile familien!

Mor held rundt to små jenter i graset, svart-kvitt

Andre praktiske tips for å få dei beste bildene

For at fotograferinga skal gå så smidig som mogleg, er det lurt å unngå å ha med seg store baggar med klede, mat eller andre ting og tang. Eg fotograferar heile tida, og då er det enklare å halde fokuset på å fange fine augeblink utan for mykje støy. Det kan også vere ein god idé å tømme lommene for mobiltelefonar, nøklar og andre ting som kan vere synlege på bileta. Husk også å ta av deg sportsklokker – dette rådar eg til då eg streber etter eit tidlaust uttrykk i bildene, og det er best å vere så enkel og naturleg som mogleg. De treng heller ikkje ta med leiker eller «rekvisitter». Me brukar det me finn i naturen. Når me tar vekk så mykje av det ekstra, kan me berre konsentrere oss om det viktigaste – å ha det gøy saman og skape minner!

Ha det gøy og ver tålmodig

Hugs at det er ein heilt normal del av prosessen at ikkje alt går etter planen. Er barna litt tilbaketrekte eller kanskje litt uprudne, så er det heilt i orden. Me tek oss god tid til å fange dei beste augeblinkene. Det handlar om å skapa minner, ikkje å få alt perfekt.

Eg gler meg til å møte deg og familien din, og til å ta flotte bilder som fanger alle dei fine, ekte augneblinkane. Er det noko du lurer på før fotograferinga, er det berre å ta kontakt!

Vanlege spørsmål før familiefotograferinga

Kva gjer me dersom barnet ikkje vil samarbeide på fotograferingsdagen?

Det går heilt fint! Eg forventar ikkje at barn skal sitje stille, smile på kommando eller gjere akkurat som me ber dei om. Ofte kjem dei finaste bileta når barna får vere seg sjølve. Me tek det i barnet sitt tempo, leikar litt og let ting skje naturleg.

Må barna vere blide og glade heile tida?

Absolutt ikkje. Barn har gode og mindre gode dagar, akkurat som oss vaksne. Eit stort smil er sjølvsagt fint, men eit alvorleg, tankefullt eller litt drøymande uttrykk kan vere minst like vakkert. Ein klem, eit blikk, litt tull og tøys eller ein liten pause på fanget. Alt dette er ein del av historia dykkar.

Kva bør me tenkje på før fotograferinga?

Det viktigaste er at de har ete litt og ikkje legg opp til ein altfor hektisk dag. Har de små barn, anbefaler eg at de planlegg fotograferinga etter at barnet har fått kvila si. Unngå gjerne å leggje fotograferinga tett opp mot neste kvil.

Før fotograferinga sender eg ut ei kort hugseliste med tips om klede og praktiske førebuingar, i tillegg til eit spørjeskjema. Der får eg bli litt betre kjent med dykk som familie, kva de likar, og kva tankar og ønskje de har for fotograferinga. På den måten kan eg førebu meg og leggje til rette for ei fotografering som kjennest personleg for akkurat dykk.

Kor lang tid tek ei familiefotografering?

Ei familiefotografering tek vanlegvis rundt ein time. Me har god tid til å bli litt varme i trøya, finne roen og la fotograferinga utvikle seg naturleg.

Kva skjer dersom det regnar på fotograferingsdagen?

Me følgjer med på vêrmeldinga i forkant. Dersom det er meldt mykje regn, finn me kjapt ein ny dato med opplett som passar for begge. Litt duskregn eller overskya er derimot ingen grunn til å utsetje fotograferinga.

Portrett i heilfigur av Hanne Barane

Om meg som familiefotograf på Stord

Eg heiter Hanne og er familie- og bryllaupsfotograf på Stord. Eg fotograferer familiar på Stord, Bømlo og elles på Vestlandet, naturleg og dokumentarisk, utan mykje posering. Eg likar familiar som let ungane springe rundt, og fotograferingar der det er rom for å vere seg sjølv.

Les meir om meg her.