Brudepar under paraply ved Skrivargarden Stord

Bryllup på Stord Hotell

Ein regnfull sommardag på Stord

Det finst bryllupsdagar der alt ligg til rette for sol, blå himmel og portrettfotografering ute i det fri. Og så finst det dagar som denne. Med regn i bøtte og spann, paraplyar på avvege og ein plan B som plutseleg blei plan A.

Men veit du kva? Det blei ein skikkeleg fin dag likevel.

I & L inviterte til bryllupsfeiring på Stord denne sommardagen, og eg fekk vere med dei gjennom heile ti timar. Frå dei første forberedelsene på Stord Hotell, via vielsen i Stord kyrkje, til middag, talar og fest utover kvelden. Ein heil dag med mykje kjensler, latter og folk som verkeleg hadde lyst til å feire.

Forberedelser på Stord Hotell

Dagen starta på Stord Hotell, der brura gjorde seg klar saman med sine næraste. Pepper Hårstudio kom til hotellet for å ordne hår og makeup, og det var ei fin og roleg stemning medan dagen sakte, men sikkert byrja å ta form.

Eg likar godt å starte bryllupsdagen her. Det skjer så mykje i dei små augneblinkane før alt brakar laus. Dei siste detaljane, ein kaffikopp, litt nervøs latter og forventningane som ligg i lufta.

Det er også ein fin del av bryllupsfotograferinga å få dokumentert desse timane. Ikkje berre den ferdige sveisen og kjolen, men alt som skjer rundt.

Brud gjør seg klar på Stord hotell med hjelp fra Pepper Hårstudio
Detaljbilde av bruekjole som henger i vinduet på Stord hotell. Svak bruk av blits for ein editorial look
Brud får hjelp av forlovere til å lukke igjen kjolen sin på Stord hotell
Detaljbilde av eit smykke bruden skal ha på seg på bryllupsdagen

Vielse i Stord kyrkje

Deretter gjekk turen vidare til Stord kyrkje, der gjestene venta og brudgommen var klar for å ta imot brura.

Det blei ei skikkeleg fin og rørande vielse. Tårene sat laust, både hos brudeparet og fleire av gjestene. Nokre av dei augneblinkane er kanskje vanskelege å beskrive med ord, men nettopp derfor er eg så glad i å fotografere bryllup. Det skjer så mykje mellom menneske som ein kanskje ikkje legg merke til før ein ser bildene etterpå.

Brud og brudgom klemmer hverandre ved alteret i Stord kyrkje
Forlover fikser på brudekjolen til brud i Stord kyrkje
Brudepar kysser ved alteret i Stord kyrkje
Brudepar går ned fra alteret i Stord kyrkje
Detaljbilde av brudepar utenfor Stord kyrkje

Bryllupsbilder på Skrivargarden – når regnet tek over

Så var det tid for portrettfotografering!

Eller, det var i alle fall planen.

For denne dagen regna det verkeleg noko heilt vanvittig. Eg er eigentleg ikkje spesielt redd for litt regn under bryllupsfotografering. Ein kan ofte finne små lommer med ly, eit stort tre eller ein fin vegg som skjermer litt. Og litt regn treng absolutt ikkje øydelegge bryllupsbildene.

Men denne dagen? Nei. Her var det berre å tenke alternativt.

Heldigvis hadde me ein plan B: Skrivargarden.

Skrivargarden i Kårevik er ein flott, historisk eigedom på Stord. Her fekk me ly for regnet og kunne gjennomføre portrettfotograferinga innandørs.

Det er ikkje ein stad ein berre kan møte opp og bruke til fotografering, men denne dagen hadde me heldigvis fått tilgang på førehand.

Og eg synest faktisk det blei skikkeleg fint. Ein påminnar om at gode bryllupsbilder ikkje er avhengige av blå himmel eller perfekt vêr. Det handlar mykje meir om å bruke dei moglegheitene ein har.

Forlovere ordner sløret til brud inne på Skrivargarden
Brudepar i naturlig lys fra vinduet inne på Skrivargarden Stord
Brudepar i trapp inne på Skrivargarden Stord
Brudepar holder rundt hverandre inne på Skrivargarden Stord

Tilbake til Stord Hotell – middag og fest

Etter portrettfotograferinga gjekk turen tilbake til Stord Hotell. Her fekk brudeparet litt tid til å mingle med gjestene før dei etter kvart blei tekne imot på Gjøa.

Gjøa ligg i niande etasje på Stord Hotell, med store vindauge, eigen terrasse og utsikt over Sunnhordland. Eit skikkeleg fint lokale for bryllupsmiddag og feiring!

Her venta ein nydeleg middag og mange, mange rørande talar. Det blei både latter, tårer og historier som fekk heile rommet til å le. Eg likar så godt desse delane av ein bryllupsdag. Det er noko eige med å få dokumentere alle reaksjonane rundt borda, dei små blikka mellom brudeparet og alle dei spontane augneblinkane som oppstår.

Eg skal innrømme at eg heller ikkje alltid kjem meg gjennom talane med sminka heilt intakt. Det er noko med alle dei fine historiene, dei gode orda og kjærleiken i rommet. Eg blir rett og slett ganske lett rørt. Og det synest eg eigentleg berre er fint. Det er lov å leve seg litt inn i jobben òg!

Gjestene tar imot brudeparet til fest. Dei vifter med hvite serviettar
Brudepar kysser under bordet under middagen på Stord hotell
Dekka festbord med høge lys i selskapslokalet på Stord Hotell
Brudepar gir hverandre en klem etter en tale
Detaljbilde av levande lys under bryllupsfeiring på Stord hotell
Glassene blir fylt opp med drikke i selskapslokale på Stord hotell

Kakekutting, dans og ein skikkeleg fest

Etter kvart som kvelden gjekk, blei stemninga berre betre og betre.

Det blei kakekutting, meir latter og etter kvart dans. Den fine, litt høgtidelege stemninga frå tidlegare på dagen var bytt ut med ein skikkeleg fest.

Det er noko av det eg likar aller best med å fotografere heile bryllupsdagen. Å få vere med på heile reisa. Frå dei første nervøse timane om morgonen til alle har senka skuldrene og dansegolvet er fullt.

Tusen takk til I & L for at eg fekk vere med dykk gjennom heile dagen. Det var ei skikkeleg glede å få dokumentere bryllupet dykkar!

Brudepar kutter bryllupskake på Stord Hotell
Detaljbilde av oppskjært bryllupskake på Stord hotell
Brueparet sin første dans på Gjøa Stord Hotell

Planlegg de bryllup på Stord?

Eg fotograferer bryllup på Stord, Bømlo, i Haugesund og elles rundt om i Sunnhordland og på Vestlandet. Enten de planlegg eit stort hotellbryllup, ei intim feiring eller eit bryllup med vielse i kyrkja og fest ein heilt annan stad, er eg med på å dokumentere dagen slik han faktisk er.

Her er nokre spørsmål eg ofte får frå brudepar som planlegg bryllup.

Kor lenge bør me booke bryllupsfotograf?

Det kjem heilt an på kva de ønskjer å ha dokumentert. Nokre ønskjer berre fotograf under vielsen og portretta, medan andre vil ha med forberedelsene, middagen, talane og festen.

Eg fotograferer gjerne heile dagen, og ti timar er ei fin lengd dersom de ønskjer ei grundig dokumentering av dei viktigaste delane av bryllupet.

Kva skjer dersom det regnar på bryllupsdagen?

Då finn me ei løysing! Eg fotograferer gjerne ute sjølv om det regnar litt, men dersom vêret verkeleg ikkje spelar på lag, finn me gode alternativ innandørs.

Det viktigaste er at de slepp å bruke bryllupsdagen på å bekymre dykk for vêret. Me har alltid moglegheit til å tilpasse oss.

Kvar bør me ta bryllupsbildene på Stord?

Stord har mange fine plassar for bryllupsfotografering utandørs, med både natur, sjø, grøne omgivnader og fine historiske miljø. Det er med andre ord mange moglegheiter dersom vêret spelar på lag.

Innandørs er utvalet litt meir avgrensa, så her kan det vere lurt å tenke litt alternativt dersom det bøttar ned på bryllupsdagen. Kanskje finst det eit fint lokale i nærleiken, ein stad me har tilgang til gjennom nokon de kjenner, eller eit spennande miljø me ikkje nødvendigvis hadde tenkt på først?

På dette bryllupet fekk me bruke Skrivargarden som backup for portrettfotograferinga. Det er ein flott historisk eigedom i Kårevik, men merk at dette ikkje er ein offentleg tilgjengeleg fotolokasjon. Tilgang må avtalast på førehand.

Eg hjelper dykk gjerne med å finne gode alternativ til bryllupsfotograferinga, både ute og inne. Det viktigaste er at me finn ein stad som passar dykk, og som fungerer med resten av bryllupsdagen.

Må me ha ein fotograf gjennom heile bryllupsdagen?

Nei, absolutt ikkje! De vel sjølve kor mykje av dagen de ønskjer dokumentert. Men dersom de ønskjer eit heilskapleg bryllupsgalleri, vil eg absolutt anbefale å ha fotograf med frå forberedelsene og fram til festen er godt i gang.

Det er mykje meir enn berre vielsen og portretta som fortel historia om bryllupsdagen.

Når bør me booke bryllupsfotograf?

Eg anbefaler å ta kontakt så snart de har bestemt bryllupsdato og lokale. Spesielt laurdagane i sommarmånadene blir ofte booka tidleg.

Er de på jakt etter bryllupsfotograf på Stord eller i Sunnhordland, er de hjarteleg velkomne til å sende meg ei melding. Eg vil gjerne høyre om planane dykkar!

Detaljbilde av brudepar som holder hender under talane på Stord hotell
Fest og dans på Stord hotell

Litt om meg

Hei! Eg heiter Hanne, og eg er bryllupsfotograf basert på Stord. Eg fotograferer bryllup på Vestlandet og likar aller best å få vere med på heile historia frå dei små, rolege augneblinkane til latteren, tårene og festen som tek heilt av.

Som fotograf er eg avslappa, engasjert og glad i folk. Eg vil at de skal kunne senke skuldrene, vere dykk sjølve og faktisk nyte dagen, utan å kjenne at de må prestere framfor kameraet.

Skal me ta ein prat?

Å velje bryllupsfotograf er eit ganske personleg val. De skal tross alt ha meg med på mange av dei viktigaste augneblinkane gjennom dagen. Derfor tilbyr eg alltid ein uforpliktande prat med brudepar som vurderer å booke meg.

Me kan snakke litt om planane dykkar, kva de ser føre dykk og kva som er viktig for dykk. Så får me også kjent litt på om me er ein god match.

Ingen forpliktelsar, berre ein hyggeleg bryllupsdrøs!

Portrett av fotograf Hanne Barane Foto